Sleppleik

[14. november 2018]

Hundreårsjubileet blir sparka i gang på 99-årsdagen med konsert, dans og kanskje nokre frampeik på kva som kjem til å skje i å det komande året.

Folk som dansar stordans

Storleik

[5. januar]

Den etterkvart tradisjonsrike Stordanskvelden har i høve jubileet byta namn. Denne helga står dei gamle mellomalderballadane i fokus gjennom song, forteljing og dans.

Svart-kvitt bilete av ukjente leikarringsfolk

Mimreleik

[26. mars]

Gjennom ein samtale mellom noverande og tidlegare aktive medlemmar, og framsying av dans, bilete og film skal me denne tysdagen mimre om stort og smått som har skjedd dei hundre åra som har gått sidan leikarringen vart skipa.

Bilete frå 17. mai der leikarringen dansar på Karl Johan

Hurraleik

[17. mai]

I god tradisjon blir det dans på Karl Johan og Brusteinsball på sjølvaste grunnlovsdagen!

Småleik

[21-23 juni]

Første helga i sommarferien blir det skipa til barnestemne i Oslo i samarbeid med Barnelaget i Oslo/BLS, Unge folkemusikarar i Oslo (UFO)/Laget for Folkemusikk, Folkemuseets dansegruppe, SAFFA og Noregs Ungdomslag.

Hytteleik

[august]

Det blir sjølvsagt lagt opp til hyttetur på Bondehytta med grilling, bading, natursti og alt anna som høver seg i Nordmarka. Ta med soveposen og godt humør!

Jubelleik

[25-27 oktober]

Sjølvaste jubileumshelga! Det blir stor Danseframsying i Teatersalen, framsyingskappleik på Det Norske Teatret og sjølvsagt stor og festleg LEIKFEST i Teatersalen på laurdagskvelden!

Åremålsleik

[14. november]

På sjølvaste 100årsdagen blir det sjølvsagt både kake, dans og fest for å runde av jubelåret.

Leikarringen i BUL Oslo

Leikarringen er ei dansegruppe for ungdom og vaksne. Vi dansar det meste av norsk folkedans: runddans (gammaldans), turdansar, bygdedans, songdans og 1900-talsdans (swing, tango o.l.). Leikarringen er eit særlag i Bondeungdomslaget (BUL) i Oslo. Dei omlag 100 medlemene er i alle aldrar, og har ei like variert danseerfaring som det er medlemer i laget.

I tillegg til dei omframme tilskipingane lista over har leikarringen ei rekke "vanlege" tilskipingar.

  • Kvar tysdag er det øving kl. 19.30 til 21.30.
  • Ein gong i semesteret byr leikarringen på Lønningspols med god musikk og triveleg atmosfære.
  • Sommar- og juleavslutning siste øvinga i kvart semester.
  • Leikarringen plar stille fleire lag i den landsdekkande kunnskapstevlinga Kven Veit? kvart år. I 2019 har me som mål å vinne!