Leikarringen i BUL Oslo feirar 100 år i 2019. Dette feirast mellom anna med å satse på 100 dansarar som dansar opp Karl Johans gate frå Egertorget til Slottet på 17. mai. Oppmøte kl. 09:00, slutt ca. 10:15.

Det vert øving dei to tysdagane i forkant, 7. og 14. mai i Teatersalen i Rosenkrantz gate 8 kl. 19:30-21:30. Solveig Brekke Hauknes og Vegar Vårdal leiar dansen og me får topp musikk til med Tonje Lien Barkenæs og Stein Magne Eggen.

Alle dansane og songtekstane vert publisert på www.bul.no/leikarringen.

Me ynskjer deg velkomen til å vera med oss - meld deg på med eller utan partner så set me deg saman med ein perfekt make.

Spørsmål? Send eit pip til leikarringen@bul.no.

Kl. 16.00 blir det framsyning på Ensjøtunet for dei som ønskjer å vere med på det. Påmeldingsinformasjon kjem.

Tradisjon tru blir det òg Brusteinsball på Universitetsplassen kl. 18.14 presis, og er ope for alt som kan krype og gå.

Meld deg på dansen opp Karl Johan

Dansane

Sponsorar: